|
Bruk av elevbilde på skulen sine nettsider
Hent skjema her

|
Det er blitt meir og meir vanleg å bruke bilde i media og på Internett.
I dei siste åra har vi laga reportasjar og skuleavis om hendingar frå
skulekvardagen. Her har vi vanlegvis brukt elevbilde. Dette har vorte
særs godt motteke av elevane.
Det har vore vanleg på mange andre skulesider å bruke elevbilde.
For å vere på den sikre sida, har vi kontakta Datatilsynet for å finne
ut meir.
Dei seier at ein ikkje skal bruke passfoto med namn utan foreldra sitt
samtykke. Dei meinar også at ein ikkje kan bruke klasse- eller
gruppebilde dersom namna til elevane står under. Mao. skal ein ikkje
kunne finne fram til kven som er kven på eit bilde. Dette gjeld for
bilde som er tekne i skuletida.
Når det gjeld reportasjar seier dei:
” Reportasjer som inneholder personopplysninger, vil normalt ikke regnes
som et personregister selv om det offentliggjøres elektronisk.
Konsesjonens krav om samtykke gjelder derfor ikke for reportasjebilder.”
Vi ser det ikkje som naudsynt å ta med namn på elevane til dei bilda vi
brukar. Det skulle vere nok å bruke namn på klassa/gruppa (f.eks. 6.
klasse).
NB! På nettsidene våre har vi lagt inn kopisperre for elevbilder. Prøv
ut dette på sider med bilde av elevar.
Sjølv om vi bruker dette som grunnlag for å bruke elevbilde på våre
internettsider, kan det likevel vere foreldre som ikkje vil at vi brukar
bilde av barnet deira på denne måten. Derfor meiner vi det er rett at
dei skal kunne reservere seg mot dette (skjema finn du her)
.
Vi håper framover å kome med reportasjar som vil gje betre innsyn i
kvardagen på skulen og vi trur dette vil gjere sidene meir interessante
for elevane og foreldra.
|
Roald Refvik
|
Rolf Holme
|
|
it
|
rektor
|
|
|