|
Klasseråd og elevråd
 |
Klasseråd
Alle klassane har klasseråd, der alle elevane i klassen er med. I
klasserådet diskuterer elevane saker som er viktige for klassen. I
klasseråd diskuterer ein også saker som seinare skal opp i elevråd slik
at klassen sine elevrådsrepresentantar kan bere fram klassen si meining
i elevråd. Klasserådsarbeidet skal lære elevane reglar om moteverksemd
og gje elevane innverknad på deira eigen skulekvardag. |
 |
Elevråd
Elevrådet er samansett av to elevar frå kvar av klassane frå fjerde og
t.o.m. sjuande klasse. Ein lærar er tilstades for å hjelpe elevrådet med
å fungere etter intensjonane. Elevrådet vel sjølv leiar og sekretær.
Elevrådsrepresentantane tek med saker frå si klasse til elevrådet og dei
melder tilbake kva vedtak som vert gjort i elevråd.
|
Representanter i elevrådet året 2011 - 2012:
|
|
| 3. klasse |
|
| 4. klasse |
Sean og Nora |
| 5. klasse |
Mathilde og Elias |
| 6. klasse |
Cecilie og Henrik V. |
| 7. klasse |
Henriette og Daniel |
| |
|
Leiar:
Nestleiar: |
Daniel (7.)
Cecilie (6.) |
| Lærar: |
Jon Georg R. |
|