|
Elevane si ulukkesforsikring
 |
Dersom ein elev får fysisk skade i skuletida, vert det rekna som
arbeidsulukke / yrkesskade og eleven har rett på fri legehjelp /
tannlegehjelp for denne skaden både mens eleven er i skulepliktig alder
og seinare.
For at eleven skal få fri hjelp med sin skade, må det fyllast ut eit
skademeldingsskjema når skaden oppstår. Dette kan fyllast ut av skulen,
av legen eller av tannlegen. Dette skal skje automatisk og ein gjenpart
av dette skjemaet skal sendast til eleven sine føresette. Dersom dykkar
barn har fått ein skade som de fryktar han/ho kan få plage med seinare,
og de ikkje mottek gjenpart av skademelding, bør de etterlyse dette frå
skulen. Ein bør kanskje vere spesielt merksam på tannskadar, då dei
gjerne må takast att seinare, og kan medføre store kostnader. |

|