Kontoret


Fråvær frå skulen

 


Meldingsbok

I forskrift for grunnskulen § 9-1 heiter det : " Alle elevar i grunnskolen skal ha ei meldingsbok som blir brukt av foreldra og av klassestyraren til meldingar om fråvær, søknader om a få fri osb." Meldingsboka skal alltid ligge i ranselen til eleven, og fungere som skriftleg bindeledd mellom skule og heim. Dersom meldingsboka kjem vekk må foreldra snarast skaffe ei ny.


Sjukefråvær

Etter sjukefråvær skriv dei føresette melding i meldingsboka. Dersom sjukefråværet er på meir enn 3 dagar, ber vi om at de tek kontakt med skulen, gjerne pr. telefon, så vi kan avtale skulearbeid eleven kan gjere dersom ho/han er i stand til det.


Permisjon frå skulen / fri til ferieturar o.l.

Dersom foreldra vil be eleven fri frå skulen, skal foreldra søkje skriftleg om dette på førehand. Klassestyrar kan gje fri ein dag, rektor kan gje fri to veker. Dersom eleven skal ha fri meir enn to veker, skal det sendast søknad til skulesjefen. Dersom ein søkjer permisjon for ei veke eller mindre, skal ein bruke meldingsboka til søknaden. Ved lengre fråvær skriv ein søknaden på eige søknadsskjema og leverer det til rektor.
Hent søknadsskjema her: 
Søknad om permisjon frå skulen (Word)
Søknad om permisjon frå skulen (Pdf)


Hovudutvalet for undervisning i Vågsøy kommune vedtok desse reglane i 1986:

Regelverk for permisjon for elevar for å feriere saman med huslyden sin utanom skuleferiane :

1 . Det er foreldra som har hovudansvaret for borna. Skulen er berre ein hjelpeinstitusjon.
2. Det må liggje føre skriftleg søknad frå foreldra med grunngjeving for kvifor dei må ha ferie utanom skuleferien.
3. Foreldra må ta på seg undervisningsansvaret i nemnde ferie og må seie seg viljuge til å gje borna opplæring etter ei plan som klasselæraren set opp. Dette gjeld ikkje minst i kjernefaga. Foreldra må gje skriftleg erklæring om dette.
4. Rektor gjev permisjon utifrå sin instruks. Gjeld permisjonen lenger tid enn den rektor kan gje, skal saka sendast til skulesjefen med skulen si vurdering og med kopi av foreldra si erklæring.