Kontoret


Samarbeid mellom heim og skule

 Informasjon til foreldre - rettigheter og plikter i grunnskolen 

Den viktigaste rettesnora for arbeidet i skulen er formålsparagrafen :

" Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen ", som vart teke i bruk hausten 1997, fortel oss kva eleven skal lære og kva for arbeidsmåtar vi skal bruke. Men dersom vi skal oppnå trivsel og god læring , er det viktig at eleven sine føresette er informert om kva som skjer i skulen og nyttar høve til å påverke skulen frå sin ståstad.

   Storforeldremøte
Foreldra til alle elevane på skulen er invitert. Ein har gjerne foredragshaldar som tek for seg aktuelle tema for skule og oppseding.

   Klasseforeldremøte
- er eit møte mellom foreldra til alle elevane i klassen og klassestyraren. I visse høve kan andre vere inviterte for å orientere om aktuelle tema. På klasseforeldremøte tek ein opp tema som er aktuelle for denne klassen.

Det kan vere :

- Kva foreldre kan gjere for å hjelpe barna sine med skulearbeidet. 
- Orientering om ulike undervisningsopplegg.
- Kva vi kan gjere for å få god trivsel i denne klassen. 
- Turar eller andre arrangement. osb.

   Utviklingssamtalar
- er møte mellom klassestyrar og den einskilde eleven sine foreldre. Desse møta vert arrangert to gongar i året. Eleven er somme gongar med. Klassestyraren gjer gjerne signal om dette er spesielt ynskjeleg. Her får læraren informere om korleis han opplever eleven på skulen, fagleg og sosialt, og om kva utvikling eleven har hatt sidan sist. Foreldra får informere om korleis dei opplever at eleven har det på skulen. Foreldra kan få råd om korleis dei best kan hjelpe sin elev med skulearbeidet. Gjennom samtaler med alle foreldra får læraren tilbakemelding på sitt arbeid og får såleis høve til å justere sitt opplegg.

Uformell kontakt
Mange gongar kan det vere trong for kontakt mellom heim og skule mellom foreldrekonferansane. Vi ved Raudeberg skule håpar foreldra føler dei kan ta kontakt med oss, gjerne pr. telefon, når dei lurer på noko eller når det er noko læraren bør vite. Dersom eleven vert utsett for erting/plaging på skulen eller på skuleveg, bør dei snarast ta kontakt med klassestyraren så skulen kan få tatt ondet ved rota og hindre at det utviklar seg til mobbing. Dersom spesielle høve i heimen ( sjukdom eller anna ) gjer at eleven har ei vanskeleg tid, kan skulen lettare ta omsyn til eleven og støtte han/ho dersom læraren veit kva eleven går gjennom.