|
Ordensreglane våre Reglar som gjer skulen trygg og
triveleg.
Raudeberg skule skal vere ein trygg, god og fin arbeidsstad for elevar og
vaksne,
der vi får kunnskap og utviklar oss fagleg og sosialt.
Reglane gjeld også på skulevegen og når klassa er på tur.
Mobbing
Språkbruk og vold
I timane
Skadeverk
I friminutta
Snop
Mobil
1. På Raudeberg skule er det ingen som skal bli utsette for mobbing.
Dersom elevar likevel opplever mobbing, skal skulen iverksetje tiltak som er
skissert i skulen sin ” Handlingsplan mot mobbing. ”
Brot på regelen, felles reaksjon frå skulen si side:
1. Kontakt med heimen.
2. ”Handlingsplan mot mobbing” blir iverksett i samarbeid med rektor.
2. Vi har nulltoleranse mot vold, banning, stygg språkbruk, rasistisk
haldning og utsegn.
Brot på regelen, felles reaksjon frå skulen si side:
• Banning / uakseptabel språkbruk: 1.
Tilsnakk av den vaksne som høyrer dette. Ved stygge tilfelle blir lærar kontakta
( gul lapp). 2. Uakseptabel språkbruk ovafor vaksne fører til møte med
rektor. Eleven ringjer heim og fortel om situasjonen.
• Ein elev utøver vold mot andre: 1. Eleven blir fjerna frå hendinga
og må ringje heim og fortelje kva som hendte.
2. I grove tilfelle ringjer eleven heim til den fornærma. 3. I særskilt
grove brot på regel nr. 2 kan eleven bli utvist frå skulen. Viser til
Opplæringslova § 2-10.
3. Vi møter presis til timane. Alle har ansvar for at det er arbeidsro i
timane. * Klassane kan i tillegg lage eigne klassereglar.
Brot på regelen, felles reaksjon frå skulen si side:
• Eleven kjem gjentekne gonger for seint til
timen:
1. Eleven tek igjen arbeidet heime. Foreldre blir orientert.
• Eleven kjem gjentekne gonger for seint om
morgonen:
1. Føresette sørgjer for å få eige barn til skulen til rett tid. Foreldreplikta
i Barnelova er krystallklar og føresette må ta nødvendige grep.
• Elevar uroar medelevar i undervisninga:
1. Læraren snakkar med eleven.
2. Eleven blir fjerna frå klasserommet. Tilsyn av rektor eller andre vaksne.
3. Eleven ringjer heim og fortel om hendinga.
4.Vi skal ikkje øydeleggje skulen sine ting eller noko som andre eig.
* Klassen kan lage eigne klassereglar.
Brot på regelen, felles reaksjon frå skulen si side:
• Ein elev som øydelegg utstyr på skulen ved
uhell eller ved hærverk:
1. Eleven / føresette blir erstatningspliktig etter gjeldande regelverk i
Skadeerstatningslova. Hovudregel er at føresette har eit objektivt ansvar for
barn under 18 år som dei har omsorg for etter Skadeerstatningslova § 1-2 nr. 2
med inntil 5 000 kr pr. skadetilfelle. Ved reint uhell vil skulen bruke skjønn.
• Ein elev som skadar / øydelegg noko som
tilhøyrer andre:
1. Lærar, saman med eleven som har utført skaden, tek kontakt med heimane til
begge partar. Heimane må sjølve ordne opp i saka.
5. I skuletida skal alle elevane opphalde seg innafor skulen sitt område. I
friminutta skal elevane vere ute. Unnatak er etter avtale med vaksne. All leik
må vere slik at du og andre ikkje blir skada.
Brot på regelen, felles reaksjon frå skulen si side:
• Ein elev oppheld seg utafor skulen sitt
område / er inne i friminutta utan lov:
eller
• Ved tøff leik / snøballkasting på ikkje tilvist
stad:
1. Eleven får tilsnakk frå ein vaksen.
2. Gjentek hendinga seg, tek lærar saman med eleven kontakt med heimen.
3. Dette kan føre til tap av privilegium.
6. Snop, tyggis, brus o.l. skal ikkje brukast i skuletida utan at dette er
avtalt med lærar.
Brot på regelen, felles reaksjon frå skulen si side:
• Eleven har snop / tyggis og brukar dette i
skuletida:
1. Eleven får tilsnakk frå ein vaksen og må fjerne snopet. Eleven skriv namnet
sitt, dato, klokkeslett på gul lapp.
Dette for å kunne iverksetje pkt. 2
2. Ved gjentekne gonger, må eleven kontakte føresette pr. telefon.
7. Dersom elevar har med seg mobiltelefon på skulen, skal denne ikkje nyttast
før etter skuletid.
Mobiltelefonen skal leverast inn til lærar i 1. time.
Eleven får tilbake mobiltelefonen når skulen er slutt.
Dersom mobiltelefonen av praktiske grunnar likevel blir utlevert tidlegare, skal
han ikkje nyttast før skulen er slutt.
Brot på regelen, felles reaksjon frå skulen si side:
1. Eleven får ein sjanse til å levere inn mobilen.
2. Dersom telefonen blir nytta i skuletida, blir han inndradd og blir utlevert
neste dag. Foreldra får beskjed.
3. Frå fredag til måndag: I dette tilfelle kan evt. føresette ta kontakt med
skulen.
|