Til startsida   Legg til i favoritter



Skulemjølk

Vi vil halde fram med å tilby elevane å kjøpe skulemjølk til redusert pris.
Mjølka kjem i 1/4 l kartongar.
Desse mjølketypane kan dei nytte:
 
Lettmjølk
Ekstra lett
Laktoseredusert med kakaosmak

 
Eit godt skulemåltid med mjølk og brød kvar dag har mykje å seie for konsentrasjonsevna og gjer at både lærarar og elevar får meir ut av undervisninga. I samarbeid med TINE Norske Meierier tilbyr skulen mjølk til alle elevar. Mjølk sammen med matpakke er aller best. Når desse to matvarene vert brukt samstundes, vert næringsstoffa betre utnytta. 
Barn og ungdom treng minst ein halv liter mjølk om dagen. Dersom barnet er med på skulemjølkordninga, får ho/han dekka halvparten av det dei treng på skulen. 
  • Dei som vil bestille skulemjølk, nyttar eit påmeldingsskjema som elevane får på skulen.
    Retuner svarslipp til skulen snarast.
     
  • Dei som vil betale med giro får dette sendt heim med eleven like etter påmelding.
    Denne må betalast snarast etter skulestart.
     
  • Du kan også betale i nettbank til kontonr:   6554 05 07524
    Betal til: Melkekonto, Raudeberg skule, 6710 Raudeberg.
    Merk giroen med eleven sitt namn, lett/ekstra lett/laktoseredusert
    (i feltet "Melding til mottakar")

Prisar:
Lett og ekstra lett mjølk:
kr. 380 for hausthalvåret
kr. 470 for vårhalvåret
kr. 850 for eit heilt år
Laktoseredusert:
kr. 500 for hausthalvåret
kr. 620 for vårhalvåret
kr. 1120 for eit heilt år
Betaling til :
Melkekonto
Raudeberg skule
6710 Raudeberg

Kontonr.: 6554 05 07524

Leif Arne Berg