Kontoret


Skulereglar


Skulen vår er ein arbeidsplass både for barn og vaksne.
Vi vil at skulen skal være ein triveleg og trygg plass, der vi tek vare på kvarandre.
Reglane gjeld også på turar i skulens regi.
 

Som elev har du rett til:

• Å bli møtt med høflegheit og få rettferdig behandling.
• Å kunne kjenne deg trygg på skulen.
• Å bli behandla med respekt.
• Å få uttale deg i saker som angår deg.


 



 

Skulereglar:

1. Vi snakkar fint til kvarandre.
2. Vi rettar oss etter det dei vaksne seier.
3. Vi møter presis til timane.
4. Mobiltelefon og anna elektronisk utstyr leverast til lærer
   ved skulestart og blir utlevert igjen ved skuleslutt.
5. Vi viser omsyn til andre i timane og lar alle få arbeidsro.
6. Vi lar andre sine ting være i fred.
7. Vi viser ansvar for skulen sine ting.
8. Vi er ute i friminutta.


Utan særskilt tillatelse skal vi ikkje:

• Gå utanfor skulens område
• Være inne i friminutta.
• Ha med snop, tyggis, brus og liknande.
• Bruke sykkel, sparkesykkel, rulleskøyter og liknande.
• Kaste snøball på anna enn blinkar og tilviste områder.



Reaksjonar ved brot på skulereglane:

• Ein vaksen snakkar med eleven om regelbrotet, og eleven får uttale seg.
• Kontaktlærar vært kontakta og vurderer vidare oppfølging.
• Føresette vert kontakta ved gjentekne brot
  og ved alvorlege brot på reglane.

Bruk av mobil:

• Mobiltelefon skal ikkje nyttast i skule/SFO-tida.
• Telefonen skal leverast til lærar ved skulestart.
• Dersom mobilen blir nytta i skuletida, blir den inndregen og heimen kontakta.