|
|
På Traneberget |
|

|
Elevane i 1. - 4. klasse hadde lasta opp god mat og drikke i sekken sin .
Denne dagen gjekk turen via Gamle Kvalheimsvei og opp på Traneberget.
Det var ein lang tur for nokre, men med mange pausar gjekk det fint.
Undervegs fann dei edderkoppar, froskar og blåbær - nam, nam.
På toppen kunne dei verkeleg strekke seg og kvile ut.
På tilbaketuren stoppa dei ved Refvikvatnet for å kjøle seg av. |

|
|