Fotballinteressa veks fram i Refvik

I denne vesle bygda med fiskarar og bønder kom dei tidleg i gang med fotball. I 1927 utfordra dei fotballaget på tettstaden Måløy til kamp. Utstyret til bygde-gutane var så som så. 
Eit bilete av laget syner at nokre hadde kortebukse, men for dei fleste var antrekket  langbukse og kviteskjorte. Eit par av spelarane stilte til og med med slips og vest, ser vi! Spelarane frå det småborgarlege Måløy – som alt då hadde byambisjonar – finst det ikkje bilete av. Truleg var dei betre utstyrte enn fiskarane og bøndene frå Refvik. Det hjelpte likevel ikkje: Bygdegutane var overlegne. Sjølv måløyværingen som skreiv eit utførleg referat for lokalavisa Fjordenes Tidende, måtte vedgå det:

Måløy har de siste par søndager innlatt seg i kamp med Refvik Fotballklubb, hvis spillere bokstavelig talt har gått i trening, eller i det minste har hatt god anledning til dette, fra de holdt moren i skjørtene. Slik har det visstnok vært i uminnelige tider, generasjon etter generasjon. 
Ja, fotball og fotballspill er i den grad inngrodd hos hver eneste borger, at det betraktes som en skam ikke å være tilstede under de større matcher for å applaudere. Da springer gjerne kjerringer og jenter fra sladderen rundt kaffebordet eller basaren til inntekt for de kjære zuluer. Gamlekarene eller stedets ”old boys” er heller ikke vekke, og alle gestikulerer de og klapper de med megen bravur. Hvilken oppmuntring dette må være for stedets tapre sønner, kan enhver tenke seg.
I betraktning av dette var det et godt resultat når Måløy greidde å holde stand med 3-2 i Refvik-klubbens favør forrige søndag. Sist søndag vant Refvik igjen med 5-0. Spillet var unektelig Refvik-klubbens, for en overveiende del i alle fall. Og noe slikt som 5-1 eller 6-2 ville sikkert gitt et rettferdigere bilde av kampen. 
Refvik-guttene hadde framfor alt en imponerende fart, paret med den største utholdenhet. Teknikken var også i det store og hele bra. Det var et jevnt og godt lag som nok ville gitt et bylag å bestille. – På Måløy-laget var fotballbehandlingen usikker, og klikket av og til helt. Men også fart og teknikk lot en del tilbake å ønske. Fasit ble kort og godt: man gjorde sitt beste og høstet erfaringer.
19. september 1920

   

 Laget frå Refvik - 1920 



Nr. 2 frå venstre bak er Isak Refvik, 37 år gamal og ein av dei eldste på laget. Son til Isak, som heitte Karl, var òg fotballspelar. Mesteparten av året var han borte på fiske. Og når han var heime, var det mykje å gjere på garden og lite tid til å trene. I kampane var han likevel ein rask og målfarleg høgreving. Ein gong kom han heim ein laurdag etter to månader på fiske på Grønland. Men alt på søndag stilte han til kamp for Tornado. To eller tre mål dunka han inn den kampen som heimelaget vann 5-2. At han var så ille plaga av "gangsperre" på måndagen at han knapt kunne setje føtene under seg, er ei anna sak. 

Denne Karl vart i sin tur far til Isak Arne Refvik, suksessrik Viking-spelar på 1970- og fyrste halvdel av 1980-talet. Suksessen var så stor at det førte til 26 kampar med flagget på brystet, dei fleste på ungdomslandslaget, men òg nokre på A-landslaget. Seinare prøvde han seg som proffspelar i Scottland. 
Den kjappe og teknisk gode Refvik vart snøgt ein populær spelar blant supporterane. Manglande arbeidsløyve gjorde likevel at han måtte gje opp proffspelet etter berre fem månader. Men seinare har det som kjent kome mange norske spelarar til Dei britiske øyane – ikkje minst frå vestnorske byar og bygder. Slik sett har britane fått ei viss tilbakebetaling for den tida då fotballen var eksportvare over Nordsjøen.