Kvalheim

På Kvalheim hadde dei mange fotballinteresserte ungdomar på 1930-talet og oppover til 1970. 
Før dei kom inn i serieordninga spela dei mot lag frå dei andre bygdene i Vågsøy.
Det var ikkje lange vegen til Refviksanden, men dei frykta det gode laget dei hadde der. Ein gong hadde dei avtala å spele kamp mot Halsør. Då gjekk dei heile vegen gjennom Refvik og Vedvik og møtte opp på Hovset for å spele kamp. Etter kampen var det å gå den same vegen heim att. Heile dagen måtte ha gått med til dette. 

Til tross for at bygda hadde mange store marker, var det vanskeleg å finne ein stad der ein kunne spele fotball. Dei brukte eit nydyrka område ute i bygda der ingen kunne sjå dei og nokre gongar drog dei heilt opp på Heida for å trena. Seinare fann dei seg eit betre område på Slittemyra. Der fjerna dei dei største grastuene og sette opp steinar til mål. Bana var grei nok som treningsbane, men etter kvart som dei vart betre og dei skulle spele kampar mot andre lag, vart det klart at dei måtte få seg ei betre bane. 

Treningsbaner


Under krigen starta dei opparbeiding av bane inne på Haugane. Mykje dugnad vart lagt ned her. Nokre år seinare (i 1950) fekk dei støtte frå kommunen til å lage ferdig denne bana. I denne tida hadde Kvalheim fotballklubb si glansperiode. Dei rykka opp i A-serien. Berre Måløy var med i denne serien frå denne kommunen. Laget fekk dessutan støtte frå fotballkretsen til utstyr, t.d. drakter. Laget hadde også no fått økonomi til å kjøpe fotballsko til spelarane.

Midt på 50-talet var det ikkje nok spelarar for å stille eit lag. Slik var det også i Refvik. Fleire spelarar frå Refvik vart med på laget på Kvalheim. Mange av desse var flinke fotballspelarar og dette vart nok ei styrking av laget. Eit par år seinare vart det på nytt vanskeleg med nok spelarar. Å slå seg saman med Raudeberg idrettslag vart snart den einaste løysinga.
  


Kvalheim


Bana på Haugane



Bana vert no brukt til aldersbestemte klasser

Lage fotball



  Kvalheim FK 1958 - B-laget

Frå rekneskapet: 
  Revisorrapport - 1956 

  Siste reknskapside - 1956 

  Utdrag frå reknskap  1948-1956