Det ingen tvil om kva land som må reknast som den moderne fotballens heimland: England.
Kva tid fotballen fyrste gong tok til å rulle på engelsk jord, er noko uvisst. Somme seier 700-800-talet, andre eit par hundreår seinare. Historia om engelskmannen som sparka til hovudet av ein drepen viking på Stanford Bridge i London – der Chelsea i dag har bane si – er vel mest som ei segn å rekne. Replikken han kom med i det høvet: ”That’s the Ball!” er likevel blitt klassisk.
Det var i bokstaveleg forstand massefotballens tidsalder, eller som det vart kalla i England:
"mob football". Dei styrande vart til tider skremde av det veldige engasjementet og skadane som oppstod på folk og bygningar. På 1300- og 1400-talet prøvde derfor engelske kongar fleire gonger å forby spelet, som ikkje minst var populært blant soldatar og offiserar.
|
|
|
Mobfotball i England |
|
|
Fotball i Italia på 1600-talet
|
|