Før
krigen var det store ungeflokkar på mange gardar. Dei hadde stort sett fri
på kveldar og på søndagar. Det var lite å ta seg til i fritida. Dei som
dreiv med fotball hadde alltid noko å fylle fritida med. Etter kvart som dei
vart betre og det vart eit fotballag i bygda, vart det viktig å kjempe for
bygda si ære. Dei største vanskane var å finne ein plass å trene og ein
fotball.
Etter kvart vart ungeflokkane mindre. Mange var lenge vekke på fiske, og nokre
reiste vekk på skular. Det vart vanskeleg å få på beina fotballag i dei
fleste bygdene. Fleire vedvikarar spelte på lag med refvikarane. Snart kunne
ikkje desse to bygdene heller still eit lag. Nokre spelarar melde seg
etter kvart inn i Kvalheim FK. I denne tida var
kvalheimslaget eit godt lag og spelte seg etter kvart opp i A-serien. Der spelte m.a. Måløy.
Bakgrunn for samanslåinga
(Klaus, Gunnar og Karl fortel)
I 1955 spelte laget frå Raudeberg i B-serien. Det var i denne tida snakk om ei samanslåing, men det vart ikkje noko av for Raudeberg IL var redd for å miste Samfunnshuset.
I 1956 vart dei to laga einige om å slå seg saman til eitt nytt lag. Spelarar frå Raudeberg meldte seg då inn i Kvalheim
FK slik at dei kunne halda på plassen i A-serien i 1957. Då vart det både A- og B-lag.
I 1958 skifta Kvalheim FK namn til Tornado FK.
|
|
Kvalheim 1958
|
|
|
Laget i 1959
|
|
|
Nye spelarar tok over i 1960-åra.
|
|