Raudeberg

Før 1940 ser det ikkje ut til at det var noko organisert fotballaktivitetar. Gutar og ungdomar frå Stranda, Vikja og Røysa organiserte mindre fotballag, og spelte mot kvarandre. Dette gjorde dei fram til det vart gutelag og juniorlag i Tornado på starten av 1960-åra. 
Raudeberg idrettslag dreiv både med fotball og andre idrettsgreiner. Fotballaget var i B-serien. Av idrettsgreinene var  dei fleste mest opptekne av fotball. På Kapellneset vart det opparbeidd ei grusbane. Idrettslaget bygde Samfunnshuset i lag med Raudeberg ungdomslag i 1954. 
Det var ikkje alltid like lett å få eit lag klar til ein kamp. Mange var på fiske og nokre inne til førstegongsteneste. 
   

Bana på Kapellneset i dag    



Om Raudeberg IL
          (Klaus Fagerlid fortel)