Reglar

Sjølv om fotballen hadde røter svært langt tilbake, var det stor forskjell i forhold til den fotballen vi kjenner.  Alle sprang etter ballen der han var, og det var lov å bruke både føter og hender. Eit forsøk på å skape meir standardiserte reglar skjedde ved Cambridge Universitet i 1843. Dette mislukkast. Fyrst i 1863, etter skipinga av det engelske fotballforbundet (FA), skjedde ei fundamental endring. Det vart då bestemt at ein i framtida berre fekk spele ballen med føtene. Vedtaket, som vart gjort med 13 mot 4 stemmer, gjorde at fotball og rugby skilde lag. Dei som framleis ville bruke hendene, braut ut og danna sitt eige (rugby-)forbund. 


 
I dette fyrste regelverket var det i alt 13 reglar. Vi kan ta med to av dei,
regel 10 og 13:

10. Neither tripping or hacking shall be allowed, and no player shall use his hands to hold or push his adversary.
13. No player should be allowed to wear projecting nails, iron plates, or gutta percha on the soles or heels of his boots.
 
Speletid:
I desse fyrste reglane frå 1863 vart det derimot ikkje sette noka avgrensing i talet på spelarar eller i speletida. Dette vart sett på som ei sak som skulle avgjerast av dei to lag sine kapteinar. 

Storleik:
Sjølv om det framleis vart spelt ein del kampar, særleg med 9-mannslag, 14-manns lag, 20-manns lag og andre variantar, gjekk likevel utviklinga klart i retning av 11-mannslag. 

   

 
Dommaren:
For å sjå til at alt gjekk føre seg etter boka, fekk fotballen sin 12. mann – mannen med fløyta, dommaren. Fyrste gong dette vart prøvd ut var i 1878 på Nottingham Forrest si heimebane. Reglane og bruk av ein nøytral dommar verka disiplinerande og gjorde at spelet endra karakter.

Lagspel:
Medan dribling og einmannsprestasjonar hadde vore nøkkelen til suksess tidlegare, kom lagspelet no meir i fokus. Særleg skotske lag var her leiande. Folk med sosialistiske sympatiar har gjerne sett denne endring i samband med utviklinga av fotballsporten sosialt – frå ein overklasseidrett på privatskulane til arbeidarane sin idrett. Tankegangen er at overklassen var individuelt orientert, arbeidar-klassen kollektivt, og at dette så påverka spelestilen. Dette hadde eit visst samanfall i tid.

Offside:
I det fyrste regelverket frå 1863 var det heller ingen klar offiside-regel. Men alt tre år seinare, i 1866, kom det ein slik regel, som faktisk var mykje strengare enn i dag. For ikkje å vere i offside måtte ein angripar nemleg ha tre mann frå motstandarlaget innafor seg og mostandarlaget sitt mål, medrekna keeper. Corner-regelen vart innført vel eit tiår seinare (1877).