Fotballen sine røter

Fotball er ein sport med lange røter. I Kina skal det ha vore spelt fotball 200 år. f. Kristus. Det viktigaste føremålet med spelet ser ut til å ha vore dribling, dvs. å klare å runde ein motspelar. Det skal òg ha vore spelt ei slags form for fotball i gamle Hellas og Rom. 

Gjennom heile middelalderen og langt opp mot nyare tid var det snakk om eit vilt, ja, valdeleg spel, nesten utan reglar. Slagsmål og dødsfall skal såleis ikkje ha vore uvanleg. Kampane gjekk gjerne føre seg i gatene mellom to ulike bydelar. Måla låg derfor ofte fleire kilometer frå kvarandre. Om det var to nabobyar som møttest, kunne måla til og med liggje i kvar sin by. Meininga med spelet var likevel det same då som no: å få ballen inn i motparten sitt mål. 

  
TRESNITT FRÅ 1600-talet som syner fotballspelet i si meir "usiviliserte" form, utan faste reglar og spelesystem.

Kampane kunne gå over ein heil dag. Noko avgrensing i talet på kor mange spelarar som kunne vere med, fanst heller ikkje. Fleire hundre var ikkje uvanlege, ja, somme kampar skal ha hatt opptil 2000 deltakarar.