Fotballen kjem til Bergen

Første fotballklubben i Norge vart stifta våren 1885 i hovudstaden, Christiania Footballclub (merk skrivemåten, som syner tilknytinga til England!). Året etter, i september, vart den fyrste fotballkampen arrangert i Bergen. Bergen hadde då besøk av ein flåte av engelske krigsskip. Ingeniør Jens Hopstock, som hadde yrkestilknyting til England, gjekk saman med ein engelskmann om å få til ein fotballkamp. Ei mark på Nygårdstangen, eit av dei få sentrale byområda som var eigna til føremålet, vart innegjerda til føremålet. 



Det kom mange nysgjerrige for å sjå på det ukjende spelet, "et par tusen" heitte det i referata – sjølv om det truleg var litt for høgt. Ikkje alle forstod det dei såg. Under kampen underheldt musikkorpset på eit av skipa, og etterpå vart det servert øl og champagne til spelarane og arrangørane. Då slo politiet til. Ingeniør Hopstock vart arrestert for å ha "foranstaltet en opvisning i football af engelskmænd mot entré" (10 øre). Offentleg ro og orden var blitt forstyrra, og det gjorde ikkje saka betre at det var blitt servert alkohol. 
    Utover i 1890-åra tok fotballsporten til å bli populær blant elevar på middelskulane (realskulane) og gymnasa i Bergen, blant andre Tanks skole og Bergen Katedralskole. I 1906 vart Bergens Fotboldklub vart stifta. To år seinare følgde Sportslubben Brann. I denne fasen vart fotball og annan sport likevel sett på som noko sært, og publikumsinteressa var lita. Ein kamp mellom Sportsklubben Brann og Bergen Fotboldklub i 1910 samla såleis ikkje meir enn 70 tilskodarar. 

Kring fyrste verdskrig tok dette til å endre seg. Ein viktig grunn for Bergen sin del var at Brann tok til å hevde seg på nasjonalt nivå. Både i 1917 og 1918 nådde Brann finalen i noregsmeisterskapen. I 1918 fekk dessutan Brann sin fyrste landslagspelar, keeperen Sverre Wathne.