Utstyr - (sko, ball, drakter)

Før 1940 tenkte ein ikkje så mykje på utstyret ein trong for å spele fotball. Det viktigaste var ein ball. I Refvik og Vedvik laga dei ei kule av høy og rundt denne sydde dei jutestrie. Det var ikkje lenge denne heldt før ballen måtte reparerast. Seinare fekk dei tak i ball av lær (skinn). Inne i ballen måtte dei blåse opp t.d. ein sykkelslange eller ei griseblære. Så reima dei igjen holet – som på ein sko. På kvalheim hadde dei ein flink kar som laga fotballar av lær. Seinare – nokre år etter krigen – hadde ein som hadde vore i USA med ein fotball som vi kjenner dei i dag.

Ny ball


Drakter hadde dei ikkje. Det galt å kjenne igjen dei som var motspelarar eller medspelarar. Misunninga var nok stor då Måløy stilte til kamp på Refviksanden med drakter. Laget på Kvalheim fekk etter kvart også drakter sidan dei spelte i serien. 
Fotballsko var også mangelvare. Dei som spelte fotball i denne tida kan fortelja at dei festa knottane undre skoa ved å slå spikar opp gjennom sålen. Så bøygde ein spikarane og slo dei flate. Då var det viktig å ha tjukke innleggssålar i skoen og ullstrømper på foten. 
  

Kvalheim hadde tidleg drakter sidan dei var med i serien. Dei var blå og kvite. Desse fargane vart seinare brukt i det nye laget - Tornado FK

Om drakter


Ikkje alle hadde fotballsko. Dei lånte av andre. På begynnelsen på 1950-talet fekk dei fleste tak i vanlege fotballsko.

Om fotballsko



Ball frå 1927 
- brukt på ein kamp på Refvik

Om ball