Tornado Fotballklubb vart stifta 30. desember 1958.
Det var derfor god grunn for å invitere dei som hadde
vore inn om fotballklubben til ein jubileumsfest.
Tornado hadde i 2003 slege seg saman med Måløy til
TornadoMåløy Fotballklubb og eksisterte derfor ikkje lenger.
Likevel gjekk nokre eldsjeler saman og oppretta Tornado Fotballklubbs Venner.
Dei samla saman utstyr, bilete og avisutklipp som viste litt av historia til klubben.
I tillegg heldt Karl Egil Johannesen eit interessant foredrag om tida
frå då fotballen kom til Refvik og fram til midten av 1970-talet.
Teien og OK med sitt "gamle" utstyr
Karl friskar opp gamle minne
Edvard leia festen
Klaus og Gunnar hugsa godt då Tornado vart starta
Sverre Heggen har alltid vore godt motteken i Tornado
Isak Arne starta si kariere i Tornado
Alle som har spelt mot Tornado på 60- og 70-talet hugsar Ole Klaus (OK)
Karl Egil var hovedtalar på festen
Han gav ei levande skildring av "forballen" i N.Vågsøy fram til midten av 70-talet
Ottar med ein av dei mange filmane frå "gamle dagar"
Rolf Holme fekk 5000 kr. til ballbinge på Raudeberg skule
Hovudrett: Kokt torsk med poteter og gulerøtter
Gjestane fekk eit krus som minne
I komiteen:
Jan-Gunnar Televik, Arne Berg, Bjarne Solheim, Edvard Iversen, Asbjørn
Horn og Klaus Fagerlid