Dagleglivet på fabrikken


På fabrikken arbeidde det på det meste nesten 30 mann. Størst aktivitet var det etter dei to verdskrigane. 
På mange måtar vart tønnefabrikken ein samlingsstad for folket i Hagevik sidan dei fleste hadde nokon som arbeidde der.

Arbeidsdagen:
Dagen starta før kl. 7 om morgonen.
Kl. 9 var det frukost i ca. eit kvarter.
Dei gjekk heim og åt middag kl. 12.
Mange nytta tida til ein liten middagslur før dei gjekk tilbake til fabrikken kl. halv to. Kl. 16 var det nons (ettermiddagsmat) og deretter arbeidde dei fram til kl. 19.

Post:
Eit par gonger i veka kom postbåten innom tønnefabrikken. Her kunne dei som budde i Hagevik hente posten sin. Dei som arbeidde på fabrikken hadde eigne hyller til posten sin.


Spiserommet



Arbeidsplassane


Posthyllene