Kva laga dei på tønnefabrikken?


I starten og mange år framover vart det for det meste laga sildetønner. Seinare vart produksjonen tilpassa til andre typar som det vart spurt etter.
T.d. vart det i tillegg til heiltønner til salting av sild, laga tønner for å lagre tran i, halvtønner, krabbetønner, linestampar og andre kar og stampar av ymse storleikar og flytemerke som i dag er erstatta av blåser.

Tønnene vart laga i fleire storleikar:
Heiltønne -  114-117 liter
Halvtønne - 57 liter
1/4-tønne (fjerding) - 30 liter
1/8-tønne (åttring) - 16 liter

Tønner vart for det meste brukt til salting av sild, men andre bruksområde var: 
lagring av mat som t.d. korn, mjøl, kjøt, øl, med meir
vaskestampar
badestampar



Flytereiskap



Linestampar
 - laga ein ved å dele ei tønne i to.


Kar og teiner
 
    
Åttring - kar - stamp