Oppvarming


Furustavane var nokså stive og vanskeleg å bøye. Etter at ein hadde sett saman stavane og fått på eit par band, vart tønna sett til oppvarming.
Då fylte ein høvelspon i ei fyrkorg og sette fyr på dette. Så sette ein tønna over denne.
Etter eit kvarter var stavane så varme at det var mogeleg å bøye dei. Medan bøkkaren gjorde ferdig ei tønne, hadde han sett ei ny tønne til oppvarming.