Sild i tønner


Silda vart salta i tønner og sett til mogning. Mykje av den beste silda vart krydra. Krydresild vart som regel betre betalt av kjøparane enn saltsild. Dette var kvinnfolkjobb. Dei som gjorde dette arbeidet vart kalla ganejente. Dei hadde svart stakk, liv og eit sjal på hovudet. Sjalet knytta dei bak slik at håret ikkje kom ned i tønna. Utanpå hadde dei oljeerme og oljeforkle.

Silda vart lagt ned i tønnene lagvis og etter eit visst mønster. For kvart lag vart det stødd salt. Det gjekk med 35 liter (2 skjepper) salt til kvar tønne. Etter ei tid sank silda på plass i tønna. Ho vart då fylt opp og loket sett på av ein dikselmann. Det måtte ikkje vere luft i tønna - då vart silda "lakebrent."
Snart var silda klar for skipning (laste
 ombord i ein fraktebåt). Men fyst vart det bora hol i tønna. Saltlake vart etterfylt og til slutt vart holet plugga igjen.


I nærleiken av sildemottaka låg høge stablar av sildetønner og venta på kjøparar. Mange av desse var frå Aust-Europa og Sovjetunionen til tross for at all anna handel med desse landa var på eit lavmål i denne tida.

Fiskevrakarar kom for å kontrollere innhaldet i tønnene. Dei frå Sovjet var særleg mistenksame og dei plukka gjerne ut tønner som låg midt inne i dei store stablane for kontroll.