Sildefiske på Vestlandet


Midt på 1950-talet var det eit rikt sildefiske på Vestlandet. Fiskarar frå Lofoten og til Sørlandet sette kurs for Nordvestlandet i januar. Fisket var på sitt beste i februar og mars månad. All denne fisken skulle ein ta vare på for seinare å selje den både til inn- og utanlandsmarknader. Kjøle- og fryselager var ikkje vanleg i den tida. Det meste av den silda som vart teke opp måtte saltast. Til dette var tønner ei god løysing.