Stavane


For å sette saman ei tønne, vart det brukt 21-22 stavar. Desse var laga av furu. På tønnefabrikken i Hagevik vart dei for det meste laga i Hornindal. Etterkvart voks det opp ein heil industri i denne bygda der dei laga tønnestavar. 
Det var viktig at desse stavane var laga på den rette måten. Dei var litt breiare på midten enn i endane sidan ei tønne er ”tjukkare” på midten. Skulle bøkkaren sjå at ei stav ikkje hadde rett form, hadde dei ein høvel som stod opp-ned til å rette på dette.

 
 


Høvel til å justere stavane med



Stavar frå Hornindal


22 stavar klar for montering