Tønner eller kasser


Den viktigaste eigenskapen med tønner var at dei var tette. Dette var viktig sidan saltet etter kvart løyste seg opp og vart til saltvatn.
Det vart også brukt mykje kasser, men ved å bruke desse måtte silda raskt fram til forbrukarane. Det vart ofte brukt is eller dei vart sende med kjøleskip eller fryseskip fram til marknaden. Å slå saman ei kasse var snøgt gjort. I oktober kom Tønnesen frå Hitra for å spikre sildekasser til Fiskesalgslaget på Raudeberg. Han sette saman ei kasse på mindre enn 5 minutt. (Ein bøkker kunne kanskje greie 30 tønner pr. dag.) I januar var kassestablane store som hus.  Gutar i 12-årsalderen gjorde seg gode pangar på å spikre kasselokk.