Tønnene ut til brukarane


I dei gode sildeåra på 1950-talet måtte dei starte tidleg på hausten med å lage både tønner og kasser. Det kom i denne tida stadig båtar innom tønnefabrikken for å hente tønner. Då galt det å stable godt for å få plass til mest mogeleg om bord. Når lasterommet var fullt, tok dei i bruk all dekksplass som var ledig og det vart stabla så høgt som råd var. Ofte var det berre så vidt ein kunne sjå ut vindauga på styrehuset. 


Det kom også båtar frå Island for å hente tønner. I dårleg ver over Nordsjøen og med ein dårleg lasta båt kunne dette vere eit sjansespel. Då dei kom fram, møtte heile bygda fram på kaia og ei ¼-tønne med godteri vart sett fram slik at alle kunne få smake.