Verna som kulturminne


Midt på 1980-talet hadde Riksantikvaren sett i gong eit prosjekt for å freda arkitektur frå dette hundreåret i same grad som byggverk frå tidlegare tider. Det var derfor viktig å ta vare på minne frå industri og arbeidskultur for denne perioden. 
Andre kulturminne – i tillegg til tønnefabrikken – som vart teke med i ”Verneplan for tekniske og industrielle kulturminne” var: Telemarkskanalen, Kongsberg sølvverk, Løiten brenderi, Røros kobberverk og Salhus Trikotasjefabrikk, mfl. 
Tønnefabrikken i Hagevik har sidan vore verna. Ein må derfor halde bygningen i den stand den har vore frå gamalt av. Ikkje får ein lov til å rive den, byggje den om eller bruke den til andre formål enn det som er godkjent av Riksantikvaren. Tønnefabrikken i Hagevik er den einaste tønnefabrikken som er freda.



Verna fabrikkar:
Telemarkskanalen,
Kongsberg sølvverk,
Løiten brenderi,
Røros kobberverk,
Salhus Trikotasjefabrikk og
Hagevik Tønnefabrikk.