I feriane fekk ungdomane sleppe til. Mange gjorde seg gode pengar ved å arbeide
når dei hadde fri frå skulen. Dette passa godt for også dei faste arbeidarane
skulle ha ferie. Hos Aleks Refvik fekk dei kvinnelege tilsette fri på
fredagane. For å vege opp for dette, let han ungdomane sleppe til på laurdagar og i feriar. Berre ein og annan fast arbeidar var med og hadde tilsyn.
På 1960-talet kom det nye reglar for å verna om arbeidarane
(Arbeidarvernlova). Det vart sett reglar for arbeidstid, pausar, miljøtiltak
(spiserom, toalettforhold, o. l.), hjelpemidlar, m m.
|

Hos Kvalheim og Vedvik vart det heisa opp eit kvitt flagg og hos Gustav Olsen eit raudt flagg når ein skulle
leggje ut fisk til tørking.
Om kvelden vart det heist på nytt. Då kunne ein møte opp for å samle inn og leggje fisken i rundelad.
Mange ungar tente sine første kroner her.
|