Klippfisk gjekk berre til eksport. Land som Spania og Portugal var av dei
viktigaste eksportlanda, men seinare vart det selt klippfisk til m.a. Brasil og
mange andre land.
Frå Raudeberg:
Fisken vart i stor grad selt til eksportfirma i Ålesund. Bergen var heilt ute
av denne funksjonen. Å drive eksport var ikkje noko fisketilverkarane på
Raudeberg kunne sidan dei hadde overlete denne jobben til andre. Etter at Ernst
Halsør i fleire år hadde opparbeidd seg kunnskapar og fylte Landsforeininga
sin formelle krav, starta han eksportfirmaet Eksportco i 1968.
Ved sida av Noreg er det Island og Færøyane som er dei store
klippfiskprodusentane for verdsmarknaden.
|
Import:
Skutene hadde også med seg nyttige varer som korn, sydfrukter og vin. Kjøpmennene
i Kristiansund importerte bl.a. vin på fat og tappa den på flasker.
|