Etterkvar vart det heilt slutt med naturtørking av klippfisk. I 1958 var det 9 –
10 tørkeri i sving på Raudeberg. Nokre av grunnane er at det vert betre
økonomiske tider. Det vart større etterspurnad etter klippfisk frå Spania,
Portugal og Brasil. Ja, seinare vart det jamvel eksportert fisk til
Nigeria. Torskestamma fekk tid til å veksa seg større i krigsåra sidan
fiskeria låg delvis nede. Ein fann også ut at ein kunne laga god klippfisk av
lange og brosme. Også sei og lyr kom inn i produksjonen. Større båtar drog til
havs og henta fisken der. Derfor vart det betre tilgang på råstoff året rundt og
ikkje berre etter vinterfisket. Etterkvart gjekk tørkeria nesten heile
døgeret. Dei som hadde mogelegheit til det gjekk på nattskift. Ein mann greidde
som regel å ”snu” tørkeriet. Han tok fisken av vognene og fylte dei med
fisk som skulle inn i tørkeriet.
|

Raudeberg på 1950-talet.
Langs vegen i sentrum var det bygd
hjeller der ein la ut fisken til tørk.
|