Folk i Vågsøy var godt kjent med å lage klippfisk. Dei fleste hadde ein liten
gard, men i tillegg måtte dei drive fiske for å tene seg noko ekstra slik at
økonomien gjekk i hop. Mykje av fisken brukte dei sjølve, men når torsken kom
opp under land i januar og februar, var det meir fisk å få enn dei hadde bruk
for.
For å ta vare på all denne fisken kunne dei anten tørke han på hjell
(stokkfisk), røykje han eller salte han og seinare tørke den (klippfisk). Røyking
av fisk var lite brukt på desse kantar.