I dag

Det har blitt mindre og mindre klippfisktørking på Raudeberg dei 30 siste åra. Mangel på fisk og dårlege prisar er nokre av grunnane til dette. I 2004 slutta Eksportco av. Dermed er det i dag berre ei klippfiskverksemd igjen (Kvalheim & Vedvik).

Bygningane der ein tidlegare dreiv med klippfiskproduksjon har i dag fått andre funkjonar. 
Hos Gustav Olsen driv "Snorre fisk" fiskemottak. 
Buda til Firma Berg brann ned for nokre år sidan. Starheimsbuda har Kystkulturlaget teke over. 
I "Halsabuda" (Eksportco) er det i dag kontor, lager og butikk (Coop).
I bygningane til Aleks Refvik (Dombestein) er det butikk (Kivi).
Skipsverfta har i staden blitt dei viktigaste verksemdene. 



Raudeberg


Kvalheim & Vedvik