Kjøpmann Berg hadde alt rund å 1900 teke til med å legge fisken på is for å
selje den fersk. Isen vart skoren på Refvik-vatnet om vinteren og frakta på
slede til Raudeberg og lagt i ishuset dei hadde bygd der. For å isolere huset,
vart det sett opp med ein yttervegg og ein innervegg. Mellom desse veggane vart
det fylt med sagmugg. Seinare demde dei opp Skareelva slik et dei fekk ein liten
”innsjø” der dei kunne skjere is om vinteren. Vegen til ishuset vart derfor
mykje kortare. I dag er elva lagt i rør og Skaredammen idrettspark ligg
der.
|

Skaredammen idrettspark.
Før 1950 var her ei myr med ein liten dam.
|