Kjølelager

Dei fleste såg fordelane med kjølelager. Men i krigsåra og i mange år etter, var det vanskeleg å få i gang noko slikt. Torsken som vart fiska om vinteren var ferdig tørka i mai. Då vart det varmare i veret og faren for mitsopp på fisken vart større. I mai og juni var det større tilgang på fisk hos kjøparane. og difor var prisane lave. Med kjølerom kunne dei utsetje salet til seinare på hausten. Då var det større etterspurnad etter klippfisk og prisane gjekk opp. Dei som hadde kapital til det, freista derfor å setje opp eit kjølelager. Seinare har alle som driv med dette sett på det som noko som er naudsynt i denne næringa.
 
   






Fiskemottaket til Gustav Olsen