Noko av fisken som var fiska rundt Vågsøy vart kjøpt av handelsmenn i Osmundsvåg. Seinare tok
kjøpmenn på Raudeberg over denne handelen meir og meir. På Kapellneset var
det også drive eit salteri i 1860-åra. Desse kjøpmennene selde så fisken til
oppkjøparar i Bergen og seinare også i Ålesund. I 1920 var det i alt 4
fiskehandlarar.
Når fisken var tørr – om lag i
mai/juni – var det å reise til Bergen og selje den. Då kom fiskarar frå
andre delar av kysten, ja, heilt frå Finnmark, til Bergen i same ærend.
Fiskekjøparane kunne då lett gjere seg vanskelege og prisen vart ikkje noko å
skryte av. Oppkjøparane visste så vel at fiskarane ikkje kunne ta med seg
fisken heim at, og dermed måtte mang ein fiskar godta dei låge prisane.
|

Bryggen i Bergen
|
|