Om Kvalheim og Vedvik

Kvalheim & Vedvik vart starta i 1928 av Edvard Kvalheim og Daniel Vedvik. Saltfisk og klippfisk var dei vitigaste produkta. Dei selde fisken til etablerte eksportørar på Møre og Sunnmøre. Dei var dyktige grundarar, for verksemda voks raskt. Utover på 1930-talet var Kvalheim & Vedvik eit velkjent og viktig namn i klippfiskbransjen.
Etter krigen vart anlegget på Raudeberg utvida, og fleire fiskeslag vart brukt i produksjonen. I sesongane vart det tørka fisk både natt og dag. På 50-talet kasta også Kvalheim & Vedvik seg på sildeeventyret. 
Firmaet vart også ein stor leverandør av saltsild til Sovjet. Ved sida av dette bygde dei opp ein stor produksjon av isa sild for Europa og Aust-Europa.
I vintermånadane kunne det vere over 100 personar i arbeid på Kapellneset.

På 60-talet fekk bedrifta eit tredje bein å stå på, nemleg eksport av isa lange til Sverige for produksjon av lutefisk.
Då silda vart borte, valde Kvalheim & Vedvik å konsentrere seg hundre prosent om produksjon av klippfisk og tørking av lange.
Fisken kjem berre frå lineflåten og blir tørka innandørs. Fileteringa og særlig etterbehandlinga er tidkrevjande. Det meste av fisken blir skinna, og ligg deretter fleire timer i kaldt vatn før filetane vert lagde på tørkerister. Ristene er monterte i vogner som er ca. 2 meter høge. Vognene vert rulla inn i tørkeriet med sterk luftgjennomstrømming. Etter 15-20 døgn er filetane blitt til tørrfisk og kan sendast med trailer til Kungshamn og ABBA. 
Verksemda er kanskje den største produsenten av tørket, skinnfri langefilet i Noreg. Den ender som dampande lutefisk på svenske spisebord.  









   
Så skal fisken samlast inn igjen for dagen
(Utetørking på 1950-talet)
 

Den første bygninga er no "innebygd"
 

Den første buda ligg midt mellom
to nyare bygg.


Kvalheim og Vedvik 2011
 

I 2012 tok Båtbygg over bygningane.


Sveinung Refvik dreiv den siste
klippfiskverksemda fram til 2012. 
Då vart den lagt ned.