Når store mengder fisk skulle tørkast, hadde dei ikkje alltid plass til å ta
imot all fisken. Då vart delar av denne fisken sendt ut til tilverkarar eller
privatpersonar slik at dei kunne tørke den. Dei som dreiv med dette fekk
betaling pr. 1000 stk. fisk (50 Kr). For å drive
med dette måtte dei ha ein plass å tørke fisken ute og ein plass å
lagre den når den var ferdig.
Der dei ikkje hadde fjøre eller berg å tørka
den på, kunne dei lage seg hjellar med netting. Langs vegen i Skarevik (sentrum
på Raudeberg) og på Halsør var det sett opp slike hjellar med netting for fisketørking. På
Raudeberg og i dei andre bygdene i Nord-Vågsøy var det mange som gjorde seg
ekstra pengar på denne leigetørkinga.
Fisken vart sløgd, reinsa, vaska og flekt ned til sporen. Den øvste delen av
ryggbeinet vart skore vekk. Deretter vert sidene bretta ut og fisken får sin
karakteristiske trekantform.
Så skulle ein vaske og rove fisken. Dette vart ofte gjort i fjøra. Ein fering
vart fylt med vatn. Fisken vart lagt i vatn ei stund før vaskinga tok til. Då
vart han lettare å vaske.
Fisken vert så lagt i stablar med salt mellom laga. Etter 2-3 veker er den
saltmoden og då var den klar for å bli tørka. Klippfisk blei før i tida
(fram til om lag 1950) soltørka ute på berga og på steinane i fjøra. Vêrlaget
var gunstig i mars, april og mai, med passande temperatur (ikkje for varmt),
tilstrekkeleg vind og ikkje for mykje regn.
Beste plassen å tørke på var i fjøresteinane. Svaberg kunne bli for varme og
då vart fisken solbrent.
Raudmit og svartmit er ein sopp som kjem i fuktig og varmt vêr. Denne soppen
kunne lett senke kvaliteten på fisken. Fisk med raudmit måtte kastast.
Om natta og i dårlig vær blei fisken stabla i små lad. Fiskestablane blei
dekka til med paraplyforma trehattar.
Dette var ei tidkrevjande tørking (ca. 4-6 veker). Fisken blei lys og fin
i kjøttet (solbleika). Berga blei kvite av alt saltet, og alt ugras vart borte.
Denne metoden vart brukt både i Vedvik og Refvik. På Halsør vart fisken tørka
på hjell.
|

Leigetørking i Refvik på 1950-talet
Leigetørking i Refvik (Sigmund og Karl)

Folk på Bakken vaska fisken i Skipajølet
Leigetørking i Vedvik (John Bakke)

Leigetørking i Husevåg

Når ein venta regn, måtte fisken
leggjast i rundelad og på toppen
vart det lagt ein "hatt."
|