Pakking

Den første tida blei klippfisken eksportert som lausfisk. Etter kvart vart det vanlig å sy fisken inn i strie til ballar. Strisekkane var laga av jute. Det var stor import av jute frå land i Indokina i denne tida.
Til Portugal vart fisken pakka i jutesekkar med 50 kg fisk i kvar sekk eller buntar på 50 kg. Det var ikkje alltid så lett å få fisken ned i jutesekkane då ørebein og sporar lett hekta seg fast i juten. Det var og tungt å handtera 50 kg. 

Emballasje var spesielt viktig ved eksport til subtropiske og tropiske strøk. Klippfisken tåler ikkje fuktig miljø eller fuktig varme. Fisk til Sør-Amerika vart ekstra godt tørka før den vart pakka. Den vart lagt i blikkasser. Desse vart så lodda igjen og lagt i trekasser. I 1850-åra kom også dei fargeglade blikkassene i bruk. Det vart også brukt kartongar som var innsett med voks. 
Det er mykje lettare å pakke i dag når ein pakkar i pappkartongar med berre 25 kg. 

Eksportmarknaden for klippfisktorsk har endra seg noko dei seinare åra. For nokre år attende var Brasil det største eksportmarknaden, men på grunn av politikk og økonomi har eksporten dit variert mykje. Fisken til Brasil vart pakka i 50 kg's trekasser - den minste fisken i pappkartong. Det vart og eksportert mykje klippfisk til Wenezuela og Den Dominikanske Republikk, men det er det og slutt på. Dei andre store mottakarlandene var Portugal, Italia og Frankrike. 
Dei som set høgst krav til kvalitet er Italia og Portugal. Vi eksporterer litt klippfisk til Australia. Den vert seld oppkappa  i pakkar på 450 gr. Fisken vert lagt i plastposar og sveisa igjen.
 


Veging og pakking

      


Kassefjøler


Merkelappar


Jutesekk


Eksportmerke