I Refvik og Vedvik var det vanskelege landingstilhøve. Særleg om vinteren når
nordavinden og nordvesten stod på var det håplaust å kome til lands med
fangsten. I Kråkenes var det nesten umuleg å få opp båten same kva
vindretninga var. Etter kvart som tida gjekk, kjøpte folk frå desse bygdene
seg større båtar med motor. Dei var for store til å dra på land. Løysinga
var å byggje seg sjøbuer på Raudeberg. Det var for langt å dra heim att om
kveldane. Derfor overnatta dei på lemmen i sjøbua som dei hadde innreia til
opphaldsrom. Eit par sjøbuer vart sett opp i Skarevika og nokre i Kapellbukta.
Fiskarane salta fisken sin sjølve, og når vinterfiskesesongen var over, delte
dei fisken etter kor stor part dei eigde. Kvinnene var også med. Etter at dei var
ferdig med fjøsstellet om morgonen, gjekk dei til Raudeberg for å hjelpe til.
Der stod dei og flekte fisk og salta den medan mennene deira var på sjøen.
Andre kom med mat til mennene sine som stod og sløgde fisk langt utover natta.
|

Landingsplassane var utsett for
dårleg ver og sterk vind.
Kvinnfolka hadde ofte fleire oppgåver å
ta seg av.
|