Å rove fisken vil seie å fjerne den svart bukhinna.
For lenge sidan stod ein i fjøra og vaska og rova fisken. Seinare vart dette gjort inne. Ein stor stamp vart fylt med vatn og eit brett av tre vart lagt opp i denne. Fisken vart lagt i vatn ei stund før rovinga
tok til slik at det skulle vere lettare å fjerne bukhinna.
Å rove var kvinnfolkjobb. Dei brukte ein ullvott til roving og ein vanleg skurekost til å vaske fisken med. Arbeidet var som oftast gjort på akkord. Dette var eit slitsamt arbeid. Vatnet i stampen var kaldt og det gjekk hardt ut over ledd og musklar i armane.
Tidlegare vart nesten all klippfisk rova, medan i dag vert dette sjeldan gjort. Utan bukhinna ser fisken kvitare og finare ut.
I dag tek ei vaskemaskin seg av alt dette.