Salt

For å tilvirke klippfisk, treng ein mykje salt. Det er usikkert kvar dei fekk tak i dette. På 1500 og 1600-talet dreiv dei ein del med saltkoking ved Oslofjorden, men handelen med desse områda var minimal. I middelalderen hadde Hansastatane stor makt i Norden. Det var først og fremst byen Lübeck med den kontroll dei hadde over saltgruvene i Lüneburg som fekk monopol på store deler av handelen. Sidan handelsmennene i Bergen hadde godt samarbeid med Hanseatane, er det grunn til å tru at desse betalte noko av fisken med salt. Før 1900 veit vi at dei tok salt i byte for fisk frå Spania og Portugal. I den tida då handelen med Sør-Europa låg nede (under t.d. svensketida), måtte dei ha fått tak i salt frå andre stadar. Vi veit at Hans Nielsen Hauge ikkje berre var predikant som reiste rundt om på Vestlandet tidleg på 1800-talet, men han var også ein særs praktisk mann. Mellom anna lærte han folk å vinne saltet ut av saltvatn.