Ein stabel klippfisk kan sorterast i meir enn 20 kvalitetssorteringar. Dei ulike marknadane ville ha fisk av ulike kvalitetar. Den endelige sorteringa gjekk føre seg på byggjene til eksportørane.
Fisken vert sortert i ymse kvalitetar, storleikar og tørrleiksgradar etter ynskje frå kjøparane. Tidlegare var vrakarar med og kontrollerte dette.
Tørrleik:
Softcure
¾ tørr
7/8 tørr
skipningstørr
lagertørr
ekstra lagertørr
kassetørr
ekstra kassetørr
I dag vert det meste selt som 7/8 tørr sidan det meste vert sent i kjølekonteinarar.
Kvalitet:
Ekstra: Fisken skal vere feilfri. Denne sorteringa vert ikkje brukt i dag.
Imperial/superior: Skal gje godt heilskapsinntrykk, men kan ha mindre feil som t.d. små rifter.
Universal: Kan ha fleire feil som t.d. flekkar, lang ryggrad, m.m.
Popular: Har mange feil, men er likevel godteken som menneskemat.
Vrakaren:
- var ein offentlig tjenestemann som kontrollerte kvaliteten på varene. Fiskevarer til eksport var under offentlig kontroll på 1700-tallet, men den ble
oppheva under frihandelen på 1800-tallet. For klippfisk blei offentlig vraking
innført på nytt ved lov 1921.
Marknadane:
Heile den norske klippfiskproduksjonen har vore basert på eksport. Det norske forbruket har vore minimalt
sammenlikna med eksporten. I dei store marknadslanda for klippfisk var dette eit
særs ansett produkt. I eit land som Brasil er fisk regnet for finare mat enn
kjøtt.
|
Klippfisk er salta og tørka torsk. Lange, brosme og sei vert også mykje brukt.
Klippfisk er eit langt meir foredla produkt enn stokkfisk (som vert tørka på hjell).

Superior/imperial - nesten feilfri

Universal - fleire feil

Superior (nærast), Universal
og Popular
|