Tørking og lagring

På nytt vert fisken lagt i stablar eller i kar. Fisken er no rein. Mellom kvart lag vert det på nytt strødd salt.

Lagring
Nok ein gong vert den sett vekk for lagring i nokre dagar.

Tørking
Endeleg er fisken klar for tørking. 
I tidlegare tider vart fisken tørka ute – på berg og i fjøra når veret var godt. Det beste tørkeplassen var på fjøresteinar slik at det kom luft til under fisken også. Om kvelden måtte den samlast inn og vart då lagt i runde lad med ein ”hatt” på toppen. I regnversperiodar vart desse lada også tildekka med ein presenning. Den soltørka klippfisken vart kvit og fin og vart godt betalt for den fine kvaliteten han hadde.
I dag vert den lagt på vogner. På vognene vert 18 - 21 brett stabla i høgda. Deretter får fisken 6 timar i tørkeriet.

Lagring
Så vert den på nytt lagt i stablar for pressing og modning. Fisken har no ein lav tørrleik.
Seinare vert fisken tørka nok ein gong for å oppnå den tørrleiken som kjøparen vil ha. Då er han endeleg klar for pakking.



Utetørking




Legge på vognene


Tørkeri