I 1920-åra vart det første tørkeriet kome i gong. Det vart monter på
”Vikingbuda” . Buda fekk dette namnet etter motorbåten M/S Vikingen som dei
4 eigarane åtte (Reinert Horn, Daniel Vedvik, m.fl.). Seinare bygde Gustav
Olsen seg tørkeri i1936. Rett før krigen kom Kvalheim & Vedvik og Berg
& Eide i gong med det same. I mange år framover vart det drive naturtørking
(ute) samstundes som dei også dreiv med tørking av fisken i tørkeri.
Kunsttørking
(inne) var ei forsikring for at dei kunne få fisken tørka fortare i
regnversperiodar slik at det ikkje gjekk mit på den. Fisken som var tørka i
sola var kvitare og finare enn den som vart tørka i tørkeri. Dei fekk betre
betalt for denne og derfor driv dei med naturtørking langt ut på 1950-talet.
Det første tørkeriet (hos Gustav Olsen) var kjøpt av ein tilvirkar i Måløy
som ikkje fekk det til. Varmeanlegget var ein stor kjel som varma opp vatnet og
som sende det varme vatnet gjennom radiatorar. Seinare vart det montert glødetrådar
med store vifter bak som blåste varmlufta gjennom tørkeriet. Fisken vart lagt
på brett og bretta vart stabla opp på kvarandre, 12 - 20 i høgda. Nedste
brettet var meir solid enn dei andre og hadde hjul. Denne vart kalla ei vogn. Desse
vognene vart trilla inn i den eine enden(bak i tørkeriet). Dei stod som regel 3
i breidda. I lengderetninga stod det 8 – 10 vogner. Framme med viftene tok ein
ut ei bredd (3 stk.) vogner slik at ein kunne skyve alle vognene fram. Var nokre
brett litt skeivt stabla på vognene, kunne heile tørkeriet ”kile seg”
fast. Stakkars den som hadde gjort den feilen.
|

Gustav Olsen måtte tørke fisken på ei
plan bak fiskebuda før han monterte det
første tørkeriet
Det første tørkeriet (Andr. Berg)

Ei vogn

Fisken vart lagt på brett og desse
vart stabla opp på kvarandre.
|