På utsida av Vågsøy og særleg i Torskangerpoll var det særs mykje torsk å
få. Under innsiget av torsk vart det ei kraftig opphoping av torsk her. Torsken
vart liksom ståande i eit ”steng” (omringa), medan meir torsk strøymde på
frå vest og nord. Etter kvart vart fleire sjøbuer bygd her. Kvalheimarane
hadde ikkje noko god hamn. Mange av dei fekk difor bygd seg sjøbu her. Der
budde dei i fleire veker medan torskefisket gjekk føre seg på vinterstid. For
å kome seg heim att, måtte dei gå over Stallbrekka. Det kunne vere ein farleg
tur om vinteren med snø og is i dei bratte fjellsidene. Likevel vart ungar ofte
sendt i veg med nyvaska klede og middag til fiskarane frå Kvalheim som budde i
sjøbuene der.
Torskefiske i Torskangerpollen
|

Sjøbuene i Torskangerpollen

Stallbrekka
|