Det var lite klippfiskproduksjon på Raudeberg under krigen. Berre Kvalheim
& Vedvik dreiv nesten som normal. Det var uråd å få fisk frå Lofoten, så
ein måtte bruke det som vart fiska rundt Vågsøy. Klippfisken som vart laga i
desse krigsåra vart kutta opp i stykke og pakka i posar. Den vart berre selt
her i landet og fekk namnet "Solfisk".