Minefelt

Etter kvart sette tyskarane i gang med å ringe inn leiren med eit 3 km. langt minebelte.
Fire rader med landminer i sikk sakk med 1 m avstand heile minefeltet til ende.
Vi gutane la merke til at minene vart lagd med stor nøyaktigheit, og utan ein cm. avvik. 
Dette vart nok gjort med tanke på at dei skulle takast opp ein dag. Ein tyskar mista livet under minelegginga.
Då krigen var over, og 7-8000 miner skulle takast opp att, mangla det 4 miner. Dette kunne forklarast med at nokre sauer rota seg innom sperringa og då gjekk minene av.
To sauer for i høgste lufta, så det var vel desse minene som var i manko.
Ei kvige lura seg innanfor, men ho vart berga før det skjedde noko.
Det var 20-30 m frå sperringa til minefeltet. Ein bonde ville prøve med ljåen, for graset innanfor freista. Han visste nøyaktig kor minene låg, men det skulle han ha spart seg for. Det gjekk full alarm i den tyske leiren. Mannen vart henta inn til forhøyr og blei værande i leiren i mange timar.
Det vart med skrekken. Han prøvde ikkje det om igjen.


Landmine



Advarsel


Minerydding


Etter krigen i 1945 måtte tyskarane sjølve ta opp alle minene. Då det var gjort, måtte ei tettpakka tropp på 30-40 mann trakke gjennom heile feltet. Dette vart gjort for å vera sikre på at ingen hadde fuska, og at alle minene var tekne opp.
Dette var harde bod. Engelske soldatar, såkalla "grøne jævlar", såg til at alt gjekk rett for seg.
Minene vart samla samen på forskjellige plasser i utmarka og sprengt.
Dei sprengde mange hundre miner i slengen, gropene synast framleis i terrenget.