Krigen gjekk mot slutten.

I april 1945 gjekk ein tysk lastebåt forbi på veg sørover. Det var lett tåke og vi såg fort at den var ute av kurs. Den var for nær land. Det var sagt etterpå at den hadde ein alliert ubåt etter seg.
Seinare på kvelden gjekk han på Lortebåden utanfor Einevarden.
Båten vart ståande der, folket vart berga då været var rolig.
Om hausten i 45 vart båten knust av sjøen og for på djupare vatn.
All overbygning frå "Gillhausen" frå Bremen kom rekande nordover i fjøra. Ja, den hausten var det mykje rart å finne langs fjøra her.

Frigjeringa kom som vi veit 8. mai. Natt til 9. mai heldt tyskarane eit salig spetakkel i leiren.
Det var vel helst glede for at alt var over for dei og. Dei dundra og skaut med kanonane, og drakk opp all vinen som var igjen i leiren. Dei reiste puljevis dagane etter. Dei song når dei passerte, og ropa farvel du vesle Kråkenes. Vi kommer aldrig meir tilbake. Tyskarleiren låg tom, aude og forlaten.


Aatvaring

Det har hendt av heimestyrkar som ikkje er knytt til overkommandoen av forsvaret har freista å avvepna tyske styrkar. Dette er i strid med kapitulasjonsvilkåra. Det er allierte styrkar som skal avvepna dei tyske styrkane. Sjølvrådig framferd og provokasjon kan få alvårlege fylgjer.

 Hermansverk 14. mai 1945

Oddvin Sindre,
mellombels sjef for Rikspolitiet i fylket.

 Fj. Tidende, mai 1945


Nokre gutar frå bygda fekk ordre frå Heimefronten om å halde vakt over leiren så ingen ting vart borte.
Eg kan ikkje gløyme siluettane av desse gutane som sto vakt rundt om på haugane. Dei hadde gamle remington og hagle som var henta fram frå gjøymestadar dei hadde hatt under krigsåra.
Gutane tok vakthaldet svært alvorleg. Ingen ting måtte rørast.
Sidan kom Heimefronten og andre. Dei tok over. Då vart alt av verdi frå leiren raska bort i alle retningar.

Dei fem åra var over, alt gjekk tilbake til det normale.

"Hitler er død" - tysk radiosending 1945  

 



Restane av Hitlers bunker