Radio

Radioane vart tekne frå folk i bygda. Men folket greidde å få høyre nytt frå krigssituasjonen likevel.  Oppe på Teigen var det alltid noko nytt å høyre frå omverda. Nokre gjekk for å besøke folket på garden, men dei aller fleste gjekk meir tur langs vegen i denne tida enn dei nokon gong hadde gjort.
Det var streng straff for å ha radio. Dette visste dei godt, men dei tok sjansen likevel. Ein soldat frå Austerike hadde lært seg godt norsk og var ein triveleg kar. Han åtvara folket på Teigen, og fortalte at tyskarane visste om at dei hadde radio. 
Klara fekk også med seg det som soldatane lytta til i heimen hennar. Dei lytta like mykje på engelsk radio (BBC) som på tysk radio.
Radio var ei viktig kjelde for nyheiter frå omverda.



Her er noko av det dei lytta mest til:
We'll meet again

Lili Marlen

Kanskje høyrde dei kva W. Churchill sa:

We shall never surender